I går hadde Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag stavgangtur til Leikaren på Mogstad. Det var skikkeleg fint turvêr for dei atten stavgangarane som møtte opp og tok turen opp skogsvegen og til Leikaren.
– turen gjekk opp skogsvegen, og det fine turvêret gjorde at vi fekk god utsikt nedover dalen, seier Svein Tjelle i Stavganggruppa.
Etter turen var det kaffekos i solveggen ved garden.
– Turen opp til Leikaren var eit fint turmål, konstaterer ein nøgd Tjelle.
Neste tur går til Mellingsetra i Søyådalen.