Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterte torsdag til stavgangtur til Sjøasetervatnet. Elleve stavgangarar møtte opp for å vere med på turen til Sjøasetervatnet.
– Turen gikk til vatnet og vidare til hytta til Tor Magne. Han hadde fått fyr i ovnen og tok godt i mot, fortel Svein Tjelle i Stavganggruppa.
Dagens kafferast og sosialt samvær vart innandørs torsdag, da vêret ikkje var heilt å lite på.