Stavgangarane med godvêrstur til Krokvatnet
Torsdag inviterte Stavganggruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til stavgangtur til Krokvatnet. Og det vart ein skikkeleg fin haustdag med sol og god temperatur for dei tjue stavgangarane.

Godt med kaffepause på setervollen. Foto: W. Ø. Kvendset
– Vi fikk en god kafferast på setra og gode med historier fra tidligere tider, kunne Wenche Ø. Kvendset fortelje etter turen til Krokvatnet

Kaffepause på setervollen. Foto: W. Ø. Kvendset

Triveleg å treffe på beitande kyr på turen. Foto: W. Ø. Kvendset

Om nokon av stavgangarane bade, det seier rapporten frå turen ingen ting om, men vatnet var nok litt kaldt vil vi tru! Foto: W. Ø. Kvendset