Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag hadde torsdag invitert til stavgang i Svinvikrunden, og tjuefire stavgangarar responderte på invitasjonen og møtte opp i det fine turvêret.
– Vi gikk opp den gamle vegen til utsikten ved hyttefeltet, fortel Svein Tjelle i Fjellgruppa.
Somme gjekk opp til Hjellnes, medan andre tok den gamle naustvegen ned mot fjorden.
– Frå vegen hadde vi fin utsikt mot Drøppingstranda og Svinvikneset der det ein gong i framtida, kan hende, skal koma ei bru over fjorden, legg Svein til.
– Matrasten tok vi inne på arboreret, avsluttar han.
Neste torsdag går turen til Vindøldalen.