Torsdag 12. juni møttest Stavganggruppa ved Gammelfabrikken i Todalen, der vi vart ønskte velkomne av Jon Olav Ørsal før vi la i veg opp Gammelvegen opp Falla, med Bjørg og Per Bruset som vegvisarar. Snart kom vi inn på Dalavegen, og følgde denne til vi kom opp til Talgø gard, der vi snudde og sette snuten nedover att.
Nede på Gammelfabrikken vart vi invitert inn på kaffe og ein presentasjon av den 115 år lange Talgø-historia, frå den spede start oppunder Storfossen til det store Talgøkonsernet vi har i dag. Til slutt fekk vi sjå oss rundt på Gamelfabrikken, og eg må tilstå at alle vart mektig imponerte både over det flotte restaureringsarbeidet og møbelutstillingane – og ikkje minst uteområdet, som var kjempeflott! Ein stor takk til Talgø for den interessante dagen vi fikk på Gammelfabrikken!
Neste veke køyrer til Øygarden øvst i Bæverdalen, og turen går i retning Grytbakksetra med Olav Jostein Holten som guide. Bompengar! Fotty. Fjellsko eller støvlar.
Bilder frå Stavgangturen ved Storfossen og frå gammelfabrikken. Foto: Vidar Sogge og Jon Olav Ørsal