Denne veka gikk stavgangturen til Ranessetra. Turen gikk via bomvegen til Skeisnebba, og vidare etter stien innover til Ranessetra. På Ranessetra serverte Nils Mogstad kaffe frå svartkjelen og fyrstekake som tilbehør til kaffen.
Det var bra deltaking på turen, og god temperatur til å dyrke friluftslivet enno. Neste torsdag går turen til Todalen, der det er oppmøte på Todalshytta, med tur til Philipbrua eller Hengebrua etter eige ønskje, men start blir det som vanleg kl 11.00.
Bildegalleri frå turen til Ranessetra – alle foto: Sigrun Ørsal
Også frå Åse Holtan Snekvik har vi fått tilsend ein mengde bilder frå turen. Ho trefte på det store følgjet under sin timtur i dag.