Torsdag gjekk Stavgangturen til Ranessetra, med start frå «Frustrerte fruers» veg. Bra deltaking også denne dagen, med 29 namn på lista.
Som sagt gikk turen til Ranessetra, der Nils Mogstad og Arne Ranes orienterte om restaureringsarbeidet som er gjort og om seterdrifta på stølen der. Dei to serverte også kaffe frå svartkjelen – ekte seterkaffe – og Anne Sissel Ulven hadde laga velsmakende eplekake til kaffen.
Som vanleg hadde Sigrun Ørsal med seg kamera, og har forsynt oss med mange fine bilder frå turen til Ranessetra.