Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Stavgang til Nauståfossen

Stavgang til Nauståfossen

Jon Olav Ørsal Laurdag 23. juni 2012

Sist torsdag var Stavganggruppa på tur til Nauståfossen på Kårvatn, og denne gongen var det heile 55 deltakarar. Dei starta ut frå parkeringsplassen på Kårvatn. Dei mellomlanda på Myrvang, der det var både kaffe og bakels med tilbehør, og kulturelt innslag. Lars Vang og Guri Saltnes hadde med seg fele og trekkspel, og Fredrik Sjøflot hadde med blokkfløyte.

Dermed vart det minikonsert med Ørsal-musikk på heimplassen til Hallvard spellmann. 50-årsjubilanten Nils Ove Bruset var invitert med på turen, og han var vår fotograf denne gongen. Turen gikk vidare frå Myrvang til Nauståfossen, som var ein prektig skue med skikkeleg vassføring denne fine solskinsdagen.

Bildegalleri fra stavgangturen til Myrvang og Nauståfossen.  Alle foto: Nils Ove Bruset

Først publisert: 23. juni 2012, 11:17 - Sist oppdatert: 24. juni 2012, 23:07