Torsdag vart det ein kjempefin vêrdag, og dagens stavgangtur vart ein rundtur langs elva – eller rettare sagt øssmoen rundt som endte opp i Svartvassområdet der det vart ein kaffedråpe etter turen.
Denne dagen hadde vi triveleg besøk av elevane på VG1 Helse og oppvekst på Surnadal vidaregåande skule, som var med oss på runden rundt Røssmoen. Takk for følget må vi vel si, dei går vel kvar til sitt når skuleåret ebbar ut.
Neste veke går turen til Sjøasætervatnet – da blir det samkjøring frå bommen!