Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Stavgang med vebju langs Gammelvegen til Stangvika

Stavgang med vebju langs Gammelvegen til Stangvika

Vidar Sogge Fredag 26. oktober 2012

Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag la siste turen dette året til Gammelvegen mellom Røen/Vang og Stangvika. Sidan det var dårlege vêrmeldingar til torsdag, tok eg meg ein tur langs Gammelvegen eit par kveldar tidlegare i veka og nytta høvet til å knipse nokre bilete. Nils Røen har vore primus motor for skilting, slik at vi som går der blir kjende med natur og historie langs vegen.

I løpet av natt til torsdag hadde det falle 20 cm nysnø, og på turen var det skiftande vêr, frå vebju og fint vintervêr til sterk vind og snøfokk. Difor var det godt å koma inn, der det som vanleg på avslutningane vart servert bakels og graut, og heilt til slutt gav Johs. Vaag blomster til dei tre medlemene i styret for stavganggruppa.  Styret i stavganggruppa takkar for ein triveleg sesong og ønskjer alle vel møtt til nye turar neste år. 

Og vi i redaksjonen for Todalen.no vil henge oss på med ros til Vidar Sogge for framifrå feltarbeid, redigeringsarbeid og massevis av fine bilde til nettsida vår!

Bilder frå turen etter Gammelvegen mellom Røen/Vang og Stangvika.  Alle foto: Vidar Sogge

Publisert: 26. oktober 2012, 06:00