47 personar var samla på Vang skisenter da stavganggruppa hadde siste samlinga i vårsesongen. Etter marsjen var det servering av graut (mølsgraut og smørgraut) og bakels, medan Guri Saltnes og Lars Vang spela alt frå vakre songar til feiande pols.
Neste gong stavganggruppa møtest blir under Vandrefestivalen i Valsøybotn den 12. august. Vidare kunngjering om dette kjem i avisa Driva i god tid før festivalen.
Nokre bilde frå den siste turen til Stavganggruppa før ferien. Alle foto: Vidar Sogge