Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stavgang med årsbeste til Torvika

Jon Olav Ørsal Torsdag 31. mai 2018

Det var nok rekordmessig deltaking under stavgangturen til Torvika torsdag føremiddag, der hel 49 deltakarar møtte fram.  Sol og varmt var det, men det begynner vi å bli vant til no. Under dagens stavgangtur var det oppmøte og parkering heime hos Randi Lysø, og derifrå var det berre å gå så langt som du lysta utover.

Etterpå var det ein lang kaffepause heime hos Randi Lysø, som hadde diska opp med graut og bakels til heile hopen. Sigrun Ørsal har sendt oss nokre bilde frå turen, og dei ligg nedafor her.

 

Publisert: 31. mai 2018, 18:14