I går tok Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag stavgangen sin ved elva Søya. Det var 27 pensjonistar som gjekk elvepromenaden langs elva Søya.
«Turen gikk frå Tretta til Kvendbø, tur og retur, vegen var og grei for dei som hadde rullator», fortel Svein Tjelle i Stavganggruppa.
«Oddvar ga oss ei orientering om den tida da elva flauma over dalen i perioder med stor nedbør og at det no, etter reguleringa, er fint jordbruksareal», fortel han vidare.
«Da vi hadde kafferast fikk vi nokre regndropar på nista vår», avsluttar Svein Tjelle i Fjellgruppa.
Fleire bilete frå gårsdagens tur, kan du sjå nedanfor: