Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Stavgang i Svinvika

Stavgang i Svinvika

Jon Olav Ørsal Sundag 1. mai 2011

Spreke pensjonistar har starta på ein ny sesong. Frå Martinus Torvik har vi fått ein e-post, der han skriv: «Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag, med eit stort innslag av «heile og halve todalingar», starta opp etter vintersvevnen i dag, torsdag den 28. april. Omlag 40 deltakarar møttest ved Arboreet. Det blei marsjert både mot Gjeldnes og langs fjorden. Etter marsjen møttest vi på uteplassen ved kafeen.
Der blei vi orientert og invitert av Norsk Vandrefestival sine representantar til å vitja arrangementet som skal gå føre seg ved Skogan gård i Valsøyfjorden den 12. august. Nærare om dette seinare. Neste arrangement blir måndag den 9. mai. Da møtest vi , og parkerer, ved fjøset på Brøskja. Marsjen går langs fjorden i retning Brøskjahagan. Kaffepausen blir på Svissholmen. Vel møtt til gamle og nye deltakarar.
NB! Svinviks Arboret er i ferd med å stå fram i ny og sterkt forbetra drakt. All ære til rette vedkomande.»

<

Publisert: 1. mai 2011, 09:00