Sesongens første stavgangtur gjekk frå Brøske til Brøskehagan. 31 stavgangarar var med på turen i godt ver, stilt og fint ute i Stangvika i dag sjølv om sola ikkje kika fram.
Etter mange gode trimøkter i Trudvang i vinter er det no kjekt å starte utesesongen. Det er godt å kome ut i lyset og frisk luft for å gå tur.
Etter ein triveleg tur langs vegen frå Brøske til Hagan vart det biltur innatt til Svissholmen der det vart rast og triveleg prat. Her er det fint tilrettelagt for å ta pause og nyte kaffe og matpakke.