Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stavgang i «gaupeterreng»

Vidar Sogge, tekst og foto Laurdag 3. mai 2014

Fredag 2. mai skulle stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag på tur til Brøskjehagen i Stangvika. Om morgonen vakna vi til kald vind med snøvèr, og det spøkte for at i dag ville ingen møta opp. Men etter kvart letta snøvèret, og i eitt-tida da vi starta marsjen, var det 18 glade vandrarar som la i veg utover mot Brøskjehagen. Her i Stangvika var våren komen langt, med grøne ekrer og blomstrande frukttre.

I Brøskjehagen var vi så heldige å få Else Margrete Haugen til å fortelja om gaupa ho hadde hatt på besøk for ein månad sidan, og ho viste oss nokre av dei flotte bilda ho hadde teke av henne på berre 20-30 meters avstand. Ein gong fekk Else Margrete tilmed teke bilde av henne medan kveldsola skein!  Etter kvart strøymde det på med ivrige naturfotografar, som òg håpa å få eit bilde av det vanlegvis sky rovdyret, og som kom attende kveld etter kveld. Vi avslutta turen med kaffepause i gapahuken ved Svissholmen.

Bildegalleri frå turen til Brøskjehagan.  Alle foto: Vidar Sogge

 

 

 

Først publisert: 3. mai 2014, 06:00 - Sist oppdatert: 2. mai 2014, 22:40