Heile 37 trimmarar møtte opp til stavgang ute i Bøfjorden. Gjengen møttest på Elvaneset i godt ver, og derifrå gjekk folk i ulike retningar og i ulikt tempo.
Dei fleste tok turen over Bøfjordbrua, og dei som gjekk lengst, tok turen heilt utover til butikken på Bølandet.
Etter kvart samla flokken seg på småbåthamna i Bøfjorden der det er bord og benkar til eit stort kaffelag. Men under matøkta kom det både sur og kald vind og nokre regndråpar.
Oppslutninga om stavgangen viser at dette er eit tiltak som folk set pris på. Det er sosialt å møtast, triveleg å gå tur i lag og kjekt å halde matpuse i godt lag!