Torsdag var det Ansnesvegen – frå Todalsøra og utover til Ansneset – som var arena for pensjonistlagets stavganggruppe. Dei so kom bilande parkerte på Todalsøra og hadde Todalen brygge som samlingsplass, før turen gikk i samla tropp utover Nessahaugen og utover Ansnesstranda.
På turen var det to lokalkjente guidar – Andes Halset og Gudmund Kvendset – som hadde mykje å fortelje om på turen utover til Ansneset, der turgruppa snudde og starta på tilbaketuren. Etterpå var det ein lang kafferast på kaia framfor Pakkhuset kro, der det var tid for prat og sosial omgang for deltakarane på stavgangturen.
Som vanleg hadde Sigrun Ørsal med seg kamera og har sendt oss nokre bilder frå turen.