Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Statusoppdatering – framleis uten straum, breiband og telefon

Jon Olav Ørsal Sundag 5. oktober 2025

Vegen er open igjen, så vi er ikkje lenger isolert frå omverda.  Når det gjelder straumløysa så er det ein omfattande skade på straumnettet i stranda utmed Veahuskaia.  Mannskap frå S-Nett har jobba dag og natt for å få til ei midlertidig løysing for å få straumforsyning inn til Todalen – dette arbeidet er kome langt, og vil ha ei løysing i løpet av søndag føremiddag med straum til Kvennset.

 

Straumforsyninga til resten av bygda vil sannsynleg vis skje i løpet av søndagen – da snakker vi om Todalsøra til Ansneset og oppover bygda til Kårvatn.  Her er det ryddemannskap i gang med å kvalitetssikre linjenettet før straum kan settes på.   Meldinga fra Svorka når det gjelder Todalen lyder:  «Vi arbeider med en midlertidig løsning mot Todalen, og håper å ha den klar i løpet av søndagen. Todalsøra til Kårvatn blir ikke klar før utpå søndag.» Etter at straumforsyninga er sikra vil ein kunne sjekke ut om det er skade på breibandanlegget inn til Todalen og vidare rundt bygda. 

Massive trefall på Toåa tursti i Gunnøya. Foto Jon Olav Ørsal

Rundt bygda er det elles mange trefall – det rapporteres omfattende skade på skogen mellom Innerdalsmerket og Vassosen – en del trefall er det og i turstien og elles rundt om kring i bygda. 

Postkassestativet på Kvennset måtte gi opp kampen mot stormen. Foto Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 5. oktober 2025, 10:36