S-nett melder om normal straumleveranse for store deler av bygda – Kvennset fekk att straumen mellom kl 15 og 16 i dag, og strakninga Kvennset – Kårvatn vart kobla inn presis kl 16. Det som står att no er strekninga Kvennset – Todalsøra (Ansneset), der det enno står att ein reparasjon som må utførast før straumen blir kopla på. Dei får att straumleveransen i løpet av søndag kveld – estimert tid ca 20:00 – 21:00 søndag kveld.
Denne gongen har det vore mykje skade på strumnettet, og montørgjengen hos S-Nett har hatt ein stri jobb med å rydde og reparere linjenettet. I stranda inn til Todalen er det lagt ein provisorisk høgspentkabel for å få fram straumforsyning. Elles har det vore mange trefall som både har skadd linjenettet og stengt vegane.
Når det gjeld mobiltelefon så er både Telia og Telenor avhengig av straum frå linja til Todalsøra, så foreløpig må eventuelle anrop gå via Wi-Fi. Det vil seie at du får inn samtalar berre når du er tilkopla breiband.