Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Status på vegarbeidet i Falla

Jon Olav Ørsal Fredag 8. desember 2017

Sprengningsarbeidet og utvidinga av vegen i Kufalla går unna. Det er Vatn Maskinstasjon som har kontrakt på arbeidet med å trygge vegen forbi Kufalla, der deler av vegen har rasa ut. Oppsynsmann Gunnar Bøe i Surnadal kommune seier til Todalen.no at dei sett alt inn på å gjenopne vegen før jul.

Det må takast ut atskilling meir masse enn først planlagt, og det er i tillegg mykje lausmasse. Foto: Surnadal kommune

Det er alt klart at arbeidet tek litt lenger tid enn planlagt, og det har samanheng med at deler av gammelvegen har rasa ut og dermed gjort arbeidet vanskelegare. Men samtidig er dette problemet med og bekreftar at den løysinga dei har valt er rett og sikker.  I tillegg er det også mykje lausmasse i området, og når den blir oppmetta med vatn blir den både uhandterleg og tidkrevjande.  Viktig er det også å ivareta sikkerheita for mannskapet som jobbar på anlegget og for trafikkantane. Disse problema har ført til at det må takast ut meir fjellmasse enn først planlagt, men kommunen har fast pris på prosjektet, og får ein god og solid veg til slutt.

Snøen som kom har og ført til noko meirarbeid, og det skapar ei utfording med brøyting og strøing av omkjøringsvegen om Tjønnmyra, men det har gått bra så langt.

Noko av gammelvegen har rasa ut i samband med sprengningsarbeidet. Foto: Surnadal kommune

Det står enno att ein del sprengningsarbeid. Foto: Surnadal kommune

Det er laga skikkeleg omkjøringsveg som går over Tjønnmyra og vidare ned att til Dalavegen. Foto: Surnadal kommune

Publisert: 8. desember 2017, 00:12