Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Status koronavaksineringa i Surnadal kommune

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 27. juli 2021
Også Surnadal får litt fleire vaksinedosar i vekene som kjem. Dette gjer at alle innbyggjarane i Surnadal kommune vil ha fått første dose ei veke tidlegare enn det som tidlegare har vore estimert. Sjølv om kommunen får fleire soder, så er framleis intervallet mellom første og andre dose 12 veker.
Alle har no fått tilbod om time til første dose med koronavaksineDenne veka når Surnadal kommune ein ny milepæl i vaksinasjonsarbeidet. Alle innbyggjarane skal no ha fått tilbod om time til første dose med koronavaksine.

Surnadal kommune har no sendt ut tilbod om timer for vekene 31 og 32. Surnadal kommune vaksinerer framleis på fredagar. Ordinært tilbod om å få første dose med koronavaksine vil vere desse vekene. Framleis er det vaksinetypen Pfizer/BioNTech som blir tilbydd og nytta.

Surnadal kommune ser at det i sommar har vorte lengre responstid hos innbyggjarane, noko som ikkje er uventa. Kommunen oppfordrar no alle innbyggjarar om å ta eit val for vaksine! «Logg deg inn på c19.no for å legge inn svaret ditt».

Ikkje motteke sms frå c19?

Surnadal kommune varslar sine innbyggjarar om at dei er prioritert for koronavaksine ved å sende ut ein sms frå c19 der det står følgjande: «Du er prioritert for koronavaksinasjon: Logg inn på https://c19.no/vaksine for å bestille time så raskt som mulig. For hjelp til bestilling ring 91379001″.

Har du ikkje fått sms så ta kontakt med vaksinetelefonen på tlf. 91379001.

Til deg som ikkje kan ta første dose i veke 31 eller 32

Innbyggjarar som av ulike grunnar ikkje kan møte til vaksinering desse vekene har to alternativ for korleis dei kan gje tilbakemelding til kommunen.

  • Du kan logge deg inn på c19.no. Booke din time. Får du ein dato som ikkje passar avbestiller du denne. Da får du eit alternativ om «kan tidlegast» og fyller inn dato der.
  • Eller du kan ringe vaksinetelefonen for hjelp på telefon 91379001
  • Det er foreløpig ikkje ein generell anbefaling om vaksinering av gravide. Er du gravid og har motteke innkalling, kan du følgje same framgangsmåte som beskrive over, og sette tidlegast dato til etter svangerskapet.

Surnadal kommune kan ikkje gje garanti for at dei har vaksiner i tilby som første dose etter veke 33, da leveringane er usikre. Det er difor viktig at alle som ønskjer å ta koronavaksinen no bestiller seg time, eller tek kontakt med vaksinetelefonen for å planlegge sin time.

Venteliste

Det vil være mogeleg for deg som skal få første dose å få stå på venteliste for dei komande fredagane, 30. juli og 6.august. Slik føringane er per i dag kan vi ikkje tilby deg som ventar på andre dose å få stå på venteliste for å framskunde timen din. Da vi skal prioritere dei som skal  ha første dose. Kjem det ei endring i dette vil det bli annonsert. Ein treng difor ikkje å ringe vaksinetelefonen for å sjekke status på dette temaet.

Endring av time for andre dose 

Alle får tildelt ny time for dose to automatisk etter at dei har motteke første dose med vaksine, med 12 veker intervall mellom dosene. Surnadal kommune ber om at dei som ikkje har særskilte grunnar til å endre på dette om å la timen sin stå. Ein særskilt grunn kan vere ein time på sjukehus, off-shore eller sjøfolk og liknande. Dei bør ta kontakt snarast etter første dose for å få endra sin vaksinetimen.

Avbestilling av andre dose

Til alle som har takka ja og motteke første dose med vaksine i Surnadal kommune, men som veit at dei ikkje kjem til å ta andre dose her. Når du har fått bekrefta at du vil få andre dose ein anna stad: logg inn på «c19.no« og avbestill timen din der eller ring vaksinetelefonen for hjelp.

Eigenerklæringsskjema

Surnadal kommune minner om at det er viktig å ta med ferdig utfylt eigenerklæringsskjema til vaksinasjonsdagen. Utan dette kan du ikkje bli vaksinert og vaksinasjonsapparatet må bruke unødig tid på vaksinasjonsdagen. Du kan skrive ut eigenerklæringsskjemaet frå «FHI sine nettsider« eller hente utskrift på Surnadal kulturhus under trappa ved utlånsbøkene.

Dersom du har medisinske spørsmål kring eigenerklæringsskjemaet, ber kommunen deg om å kontakte fastlegen din i forkant av vaksinasjonstimen.

Publisert: 27. juli 2021, 12:26