Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Statnett SF skal detonere eksplosivar langs Auralinja

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 29. august 2022

Martinus Ørsund, hos Statnett SF, melder at det frå i dag og fram til fredag, vil bli bli detonert eksplosiver i ei høgspentmast langs Auralinja, frå Todalen litt opp i lia mot fjellet. Grunnen til dette er naudsynt arbeid som følge av eit havari. Statnett SF beklagar den korte fristen for varslinga, men havariet gjer det naudsynt å få gjort dette arbeidet med ein gong. 

Det vil bli 2 – 3 detonasjonar kvar dag i dei dagane arbeidet med å reparere linja etter havariet pågår denne veka. 

Om du ønsker ytterlegare informasjon om arbeidet, kan du ta kontakt med Martinus Ørsund i Statnett SF på telefon 474 60 399. 

 

Publisert: 29. august 2022, 10:38