Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Statkrafts milliardprosjekt – snart berre oppryddinga att

Jon Olav Ørsal Laurdag 28. september 2024

Vi var ein gjeng seniorar som inviterte oss til omvising på Trollheim kraftverk i Øvre Surnadal.  Jostein Bruset svara positivt, og fredag var det klart for å troppe opp ved kraftstasjonen på Harang – klare for omvising og orientering både om kraftstasjonen som ligg langt inne i fjellet og om det store rehabiliteringsprosjektet i Folldalen.

Det var dimensjonar inne i fjellet – er er gjengen samla ved toppen av turbinen som står 600 meter inne i fjellet. Foto Jon Olav Ørsal

Først gjekk turen inn i kraftverket som altså ligg trygt og godt rundt 600 m inne i fjellet. Hit går det tunell og rør med rundt 370 m fall ned til den store turbinen som faktisk produserer nok straum til 40.000 husstandar.  Nok vatn til straumproduksjonen blir samla gjennom godt og vel 3 mil med tunellar.  Stasjonen på Harang er automatisert, og styres til dagleg frå ein sentral i Gaupne i Sogn, men ein stab på 7 personar driv vedlikehald og dagleg drift av anlegget, fortel Jostein Bruset.  Mellom anna passar dei på 50-60 stamlaksar som går i nokre kar i ein sidetunnel. Det skal bli minst 50000 smolt som skal ha dei to første leveåra ved smoltanlegget i Todalen.

Kaffelag og info om rehabiliteringsprosjektet. Det skjer på møterommet i kontor – og hotellriggen ved Follsjøen. Ola Magnus Egeland viser digitale tegningar av damanlegg og tunellar. Foto Jon Olav Ørsal

Inne i fjellet står altså turbinen som produserer straum  – og her er det jammen dimensjonar. Turbinen er 4-5 etasjar høg, og inn dit kjem vassrøyret frå tunellen med høgt trykk – det er faktisk rundt 370 meter fall ned til stasjonen.  Her står den store turbinen og produserer straum på harde livet – og faktisk er det norsk utstyr som vart installert her i 1967- 68 da kraftverket kom i drift etter ein anleggsperiode på rundt 5 år. Seinare har verket vore modifisert i fleire omgangar – i 2005 vart det bygd ein omløpskanal som skal sikre nok vatn til minstevassføringa til laksen i Surna. Og akkurat no er dei i ferd med å fullføre eit stort rehabiliteringsprosjekt på dammane i Folldalen – Follsjøen og Gråsjøen.  Dette arbeidet er kostnadsrekna til rundt 700 mill. 2019-kroner, men Jostein reknar med at sluttsummen blir på rundt 1,0 milliard.

Jostein bruset på toppen av Gråsjødammen – det er slett ikkje småstein som er bruka for å forsterke damanlegga. Foto Jon Olav Ørsal

Det er no godt og vel 50 år sia dammane i Folldalen var bygd, og det er difor naturleg at dei får ei løft og at dei blir oppgradert til dagens krav både til sikkerheit og nye klimaprognosar.  Mellom anna er dammane sikra med tanke på ekstremvêr og 1000-årsflaum. Dette rehabiliteringsprosjekt har gått i 3 år, og er no på det næraste fullført – det er stort sett opprydding som står att, og det arbeidet vil bli fullført neste år. Mellom anna er det ein god del terreng som skal tilbakeførast og få stadeigne plantar. Det er Skanska som har utført arbeidet med å forsterke dammane, og i samband med det arbeidet er det teke ut godt over 500.000 m3 frå eit lokalt steinbrot like ved Gråsjø-dammen. I tillegg er det bruka 15.000 m3 betong i dette arbeidet. Skanska har på det meste hatt 60 personar i arbeid her – i tillegg har Statkraft hatt eigne folk her, og andre som har vore innleigd.  Dei som har jobba her har budd i hotell- og kontorriggar ved Follsjø-dammen.

Her viser Ola Magnus Egeland korleis damkjerna er bygd opp – No skal dei tåle 1000-årsfleumen. Foto Jon Olav Ørsal

Her var vi samla til kaffelag, og samtidig fekk vi sjå digitale modellar av dammane og nettverket av tunellar som vi ikkje ser framme i dagen.  Trur faktisk at dei fleste vart imponer over det dem fekk sjå og høyre om dette rehabiliteringsprosjektet. Det høyrer også med til historia at dei to dammane samlar til saman 400.000 millionar m3 med vatn når dei er fulle. Stor takk til Jostein Bruset frå Statkraft som dyktig omvisar og som ga gode svar på våre mange spørsmål.

Nedafor finn du eit galleri frå omvisinga i kraftverket på Haran og damanlegga i Folldalen.  Alle foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 28. september 2024, 09:00