Tala frå Turpoengappen for «På tur i Todalen 24/25» viser at det totalt var 76 deltakarar som sjekka inn 5 569 gonger på dei 27 turmåla. Det var også nokre fleire registrerte deltakarar, men dei hadde ingen innsjekk og er difor ikkje teke med i statistikken.
Ingri Bruset toppar talet på innsjekk med heile 515 innsjekk, med Kristian Gjeldnes (458 innsjekk), Arndis Søyset (294 innsjekk) og Åshild Halle (265 innsjekk) på dei neste plassane.
Jorid Haugen Ansnes, Marit Haugen, Kristian Gjeldnes og Ingri Bruset har i løpet av trimåret sjekka inn på alle dei 27 turmåla. Dei fire får eit gåvekort på kr. 500,- dei kan bruke på Matkroken Todalen. Namnet på desse er merka med grønt i statistikken nedanfor.
Det er også trekt ut fem gåvekort på kr. 200,- som kan brukast på Matkroken Todalen. Namna på desse er merka med gult i statistikken nedanfor.
Deltakarar med innsjekk «På tur i Todalen 24/25»
Statistikken for turmål viser at Toåa tursti, ikkje uventa, toppar statistikken med 2 525 innsjekk, med Løfta (562), Svinvikrunden (554) og Tjønnmyran (440) på dei neste plassane. Fullsendig besøksstatistikk for dei 27 turmåla ser ein nedanfor:
På tur i Todalen 24-25 – besøkstal fordelt på turmål
Vil du vere med i årets konkuranse? Da finn du den nye «På tur i Todalen 25/26» her og under konkurransar i Trimpoengappen. Appen lastar du ned i Play Butikk eller i App Store.

