Dei 86 trimmarane som hadde registrert seg i Trimgruppa i Todalen Idrettslag sin turappen «På tur i Todalen» hadde frå 1. oktober 2023 til og med 30. september 2024 totalt 5836 innsjekkingar på dei 27 turmåla. Toåa tursti tronar også i år på topp, med Løfta og Tjønnmyra på dei to neste plassane. 6 personar har i løpet av trimåret besøkt alle dei 27 turmåla. Dei seks er Jørgen Mæhle, Bjørn Kvendset, Jorid Haugen Ansnes, Mari Brusethaug Redalen, Kristian H. Gjeldnes og Marit Haugen.
Dei 6 som har sjekka inn på alle turmåla får kvar sitt gåvekort på kroner 200,- hos Sport Outlet i Surnadal.
Trimgruppa deler også ut ein premie til dei 6 med flest innsjekkingar gjennom trimåret, og det vart for 23/24:
- Ingri Bruset, 640 innsjekkingar
- Kristian H. Gjeldnes, 480 innsjekkingar
- Arndis Søyset, 347 innsjekkingar
- Jorid Haugen Ansnes, 306 innsjekkingar
- Åse V. Redalen, 303 innsjekkingar
- Åshild Halle, 263 innsjekkingar
Premiane blir delt ut på Trimgruppa sin stand på Bruset under Romjulsmarsjen 27. desember (tredjedag jul).
«På tur i Todalen» 24/25, som har dei same turmåla som for 23/24, er kome godt i gang, og så langt har dei 47 deltakarane sjekka inn 1191 gonger, men det er plass til fleire, så det er berre å registrere seg og ta seg ein tur ut! Her finn ein informasjon om korleis ein lastar det Trimpoeng-appen og korleis ein registrerer seg.