Statens vegvesen kom i dag med ei henstilling til alle som har tenkt seg til å overvære renskinga av raset i morgon frå 16.00 og utover: HALD AVSTAND, både på land og via sjøvegen!!
Eit stort Puma-helikopter vil bli bruka i arbeidet med å bombe vatn i rasområdet. Helikopteret er tiltenkt landingsplass på Bordholmen, og området rundt må derfor ryddast for å sikre alle lause gjenstandar.
Den som har tenkt seg ut med båt i tidsrommet dette arbeidet foregår i morgon og på torsdag MÅ IKKJE NÆRME SEG RASOMRÅDET. Stein og anna lausmasse vil falle i sjøen medan arbeidet pågår. Vegvesenet ønsker derfor at all båttrafikk foregår lengst inn mot Todalsøra, på innsida av Holmen vidare ut forbi Ansnessaga.