Det var ikkje berre møblar å sjå i Köln. Dei har staseleg kyrkje også – Kölnerdomen. Vi budde i gåavstand frå dette praktbygget, og kunne ikkje reise frå Köln uten å stikke innom der ein tur. Kölnerdomen er 157,31 m høg, så det var ikkje vanskeleg å finne fram dit. Så med Narve Talgø som kjentmann og fagkonsulent tok vi ut til fots og i løpet av ein halvtimes tid og ein liten bomtur var vi framme. Vi vart imponert!
Vi løyste billett som kosta €3, og tok på veg oppover spindeltroppa. Omsider kom vi opp til eit platå, og trudde vi var til toppen. Men på plakaten stod det at vi var på 53 m, og at det var 44 m att til øverste etasje. Men der hadde vi utsyn til klokkespelet, og vi vart vel egentleg enige om at det var bra nok mosjon for dagen. Så vi tusla ned igjen og fann ut at det var meir å sjå i sjølve katedralen.
Og der vart vi skikkeleg imponert. Det går mesta ikkje an å beskrive med ord det vi fekk sjå, men heldigvis hadde vi med kamera. Så etter å ha tent kvart vårt lys og donert et par euro, tok vi turen innover i kyrkjerommet. Det blir jammen spartansk og smått i Todalskyrkja i samanlikning. Vi vart rett og slett «glåmaugd». Til tross for at det var dårleg lys inne i kyrkjerommet fikk vi da nokre bilder som viser kor staeleg det var.
Når det gjeld fakta om Kølnerdomen står det i Wikipedia: «Kölnerdomen (egentlig Hohe Domkirche St. Peter und Maria) er ein romersk-katolsk katedral i Köln og eit av byens mest kjente arkitektoniske landemerke. Kyrkja er katedralen til erkebispedømmet av Köln. Bygningen vart påbegynt 1248 og ikkje vart avslutta før 1880 – altså ei byggetid på 632 år. Kyrkja vart bomba under Den andre verdskrigen og gjenopna i 1956. Det er det kyrkjebygget i verden med størst fasade og verdens nest høyeste gotiske bygning. begge tårna er 157 m høge, og det gjorde Kölnerdomen til verdas høgaste bygning fram til Washingtonmonumentet stod ferdig i 1884.
Katedralen vart ført på UNESCOs verdsarvliste i 1996. I juli 2004 havna imidlertid katedralen på lista over trua verdensarvstader. Bakgrunnen for dette var at ein ny bydel med høgblokker var planlagt på den andre siden av Rhinen, omkring messeområdet for Kölnmessa, som fra UNESCOs side vart vurdert til å truge Kölnerdomens visuelle karakter. Byen Köln endra imidlertid reglane for bygningshøgde i det planlagte området, og i juli 2006 vart katedralen strøket frå lista over trua verdensarvstader.»
Her finn du nokre bilder frå Kolnerdomen. Alle foto: Jon Olav Ørsal