Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stas med ny sykkel

Jon Olav Ørsal Måndag 27. april 2015

Måndag fekk Todalen barnehage besøk frå NAF Indre Nordmøre.  Det var Einar Grønnes som stakk innom med ein ny fin sykkel til barnehageborna, og det vart stor stas, og sjølvsagt vart det kø for å prøvekjøre det nye vidunderet.

Det vart straks kø for å prøvekjøre den nye sykkelen. Foto: Jon Olav Ørsal

I barnehagen vart dei sjølvsagt glad for nysykkelsen, og barnehagestyrar Jorunn Nordvik takka for nyanskaffelsen og sa at det passa godt inn i opplegget til barnehagen, som med det første skal ha sykkeldag og litt opplæring i bruk av hjelm og litt enkle trafikkreglar.

Einar Grønnes er ledar i sport- og arrangementskomiteen i NAF Indre Nordmøre, og han fortalte at alle barnehagane i deira område har fått slik sykkel, og i tillegg har dei fått refleksvestar ved eit tidlegare høve. – Det er viktig at borna får lære litt om sikkerheit og kva som er farleg på eit tidleg tidspunkt, slik at dei lærer å passe seg sjølve i trafikken.

Publisert: 27. april 2015, 18:00