Måndag fekk Todalen barnehage besøk frå NAF Indre Nordmøre. Det var Einar Grønnes som stakk innom med ein ny fin sykkel til barnehageborna, og det vart stor stas, og sjølvsagt vart det kø for å prøvekjøre det nye vidunderet.
I barnehagen vart dei sjølvsagt glad for nysykkelsen, og barnehagestyrar Jorunn Nordvik takka for nyanskaffelsen og sa at det passa godt inn i opplegget til barnehagen, som med det første skal ha sykkeldag og litt opplæring i bruk av hjelm og litt enkle trafikkreglar.
Einar Grønnes er ledar i sport- og arrangementskomiteen i NAF Indre Nordmøre, og han fortalte at alle barnehagane i deira område har fått slik sykkel, og i tillegg har dei fått refleksvestar ved eit tidlegare høve. – Det er viktig at borna får lære litt om sikkerheit og kva som er farleg på eit tidleg tidspunkt, slik at dei lærer å passe seg sjølve i trafikken.