Trimmarane startar på igjen denne veka. Tysdagar er det barneleik og gubbetrim, medan dametrimmen fortsett sin aktivitet på torsdagar som før. Det skjer i gymsalen på Todalen oppvekstsenter i regi av Todalen idrettslag. Sjølvsagt er det gratis å delta.
Tysdagar: Barneleiken er delt i to klassar, opp til 3. klasse kl 18-19, og 4. – 8. klasse (og eldre) kl 19-20. Gubbetrimmen startar frå kl 20 og utover.
På torsdag er det dametrim frå kl 20 og utover, og dei startar på igjen 9. januar.
Elles minner Todalen idrettslag om at treningssentret «Hett & Svett» i det gamle postkontoret på Kvennsetøran som eit ypperleg trimaltenativ med styrkeapparat, tredemølle og andre treningsapparat til disposisjon. Bruken av «Hett & Svett» er også gratis for medlemar i Todalen Idrettslag.
Ellers er det mykje ledig kapasitet for den som vil trene/trimme ute, men ta på deg refleksvest slik at trafikkantane kan sjå deg når du er på vegen!