Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Startar nyåret med eit bang!

Seinar Hasselø Laurdag 29. desember 2018

Surnadal kino tek høgde for at det er skulefri onsdag 2. januar og sett opp fire filmar den dagen.

Animasjonsfilmen «Troll – Kongens hale», og det som truleg blir det siste møtet med kritikarroste «Spider-Man: Into The Spider-Verse», går på dagtid. På kveldstid (både onsdag og torsdag) trer «Aquaman» og «Sonja» inn i manesjen.

Og filmen om Sonja Henie har fått god medfart av kritikarane; dei har, etter kva vi har registrert, trilla 5 på terningen i det som, på fleire vis, er eit rått portrett av vår internasjonalt mest kjente filmstjerne gjennom tidene.

«Aquaman» har kanskje ikkje fått riktig like god medfart med kritikarane, men, skal vi tru NRK (og det gjer vi stort sett), er filmen eit«underholdende eventyr med svært høy popkorn-faktor» (terningkast 4).

«Mary Poppins vender tilbake» på kinoen laurdag 5. januar. «Et fyrverkeri av en film», mente Erlend Loe i Aftenposten, og flere med han.

Du finner hele kinoprogrammet her: https://surnadal-kulturhus.no/program/#kino

 

Publisert: 29. desember 2018, 12:38