7. august er Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag igang igjen etter ein lang sommarferie. Den første turen går til Sjøasetervatnet, der turmålet er hytta til Torild og Tor Magne Halset. På terminlista er det 10 turar på haustprogrammet, der det er turar rundt omkring i heile kommunen.
Ein av turane er lagt til Todalen, med start frå Bruset og langs turstien ved elva til Hallanesset via både Phillipsbrua og Hengebrua, men det er først 11. september. Her kan du laste ned heile haustprogrammet for Stavganggruppa.
Men først er det altså tur til Sjøasetervatnet den 7. september – og turplana er skreven slik:
Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag startar torsdag opp etter sommarferien og køyrer utover mot Torvika og parkerer på Sjøaseter. Ein person står nede ved vegen og viser parkering. Den som vil gå heile strekninga opp til Sjøasetervatnet (60 -90 min.), startar kl 12.30. Har du bil med 4-hjulstrekk eller bakhjulstrekk, køyrer du opp (bompengar bil: 50 kr); men vil du heller ta bussen, kostar det 20 kr tur/retur. Fottur for alle den siste biten opp til vatnet (15–20 min.).
Vi samlast og et nista ved Sjøasetervatnet, ved hytta til Torild og Tor Magne Halset. Ta med sitteunderlag!