Medan arkeologane ligg på kne og graver etter fornminner i Øygarden bustadfelt, så er Tonje Kristin og Ivar Vikan komne i gang med tomtearbeidet på nabotomta. Dei har venta lenge på å kome i gang, og no er altså Per E. Gjeldnes Maskin i gang med gravearbeidet. I løpe av vinteren skal huset bygges og vi satsar på å kome inn i nytt hus til påske neste år, seier Tonje Kristin og Ivar som sjølvsagt er glad for å være i gang.
Det er no selt 3 tomter i det nye bustadfeltet, og så snart arkeologane er ferdig vil det nok bli meir aktivitet i Øygarden bustadfelt. Det er lagt ut 15 tomter i dette feltet, og som sagt er alt 3 av tomtene selt. Vatn Maskinstasjon er i full gang med å opparbeide bustadfeltet, og så snar naudsynte vedtak er gjort vil vel også arbeidet med hyttefeltet og småbåthamna kome i gang.