Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Starta sjakkturneringa – finale i påska

Jon Olav Ørsal Måndag 25. januar 2016

Sjakkgruppa som har tilhald i Kaffekroken er forlengst i gang igjen. Søndag var det start på turneringa som skal gå fram til påske, med storstila finale i ungdomshuset dersom alt går etter plana. Det er 12 deltakarar som er på meldt til turneringa som altså starta søndag. Da var 6 deltakarar på plass i Kaffekroken der dei 3 laga spela 2 kampar mot kvarandere – ein med kvite og ein med svarte brikkar.

Vidare utover vinteren er det sett opp eit kampprogram, som altså går fram til påske. Programmet kan du laste ned her. Fram til påske er 7 kveldar sett av til turneringskveldar, og dersom deltakarane har problem med å møte på oppsette turneringskveldar, er dei sjølve ansvarleg for å gjennomføre kampane den påfølgande veka.

Dei foreløpige planane er altså at finalen skal gå i ungdomshuset om kvelden 2. påskedag – 28. mars – og da blir det høve for publikum til å følge finalekampane.

 

Publisert: 25. januar 2016, 13:21