På søndagens lagkonkurranse i randonee stilte 6 lag til start. Konkurransen var lagt opp som jaktstart, der lag 1 (Torstein Johannnesen og Håkon Johanessen) startet først. Lag 3 (Björn Gund og Jan Johansson) og lag 4 (Bård Smestad og Thomas Øyberg) fikk 10 minutter tillegg, før lag 5 (Robert Sørlie og Lars Erik Skjerven) og lag 6 (Olav Tronvoll og Rune Johansen) startet med 14 minutter tillegg. Siste lag ut, men likevel favoritter var lag 7 (Ola Berger og Ola Hovdenak) med 20 minutter i tillegg.
Første lag inn til passering var lag 1, med 54,04, som passerte 3,28 føre lag 3 og 3,31 føre lag fire. Men Hovdenak og Berge var skikkeleg på hugget, og tok innpå heile tida. Så når dei var komne på toppen igjen, var dei allerei komne i tet og kunne kontrollere det heile på turen ned Dalalia og inn til mål på 1.43,26. På andreplass kom lag 5 (Sørlie og Skjervheim med sluttid på 1.46,28 – og 3,02 etter. Vidare kom lag 6 (Johansen og Tronvoll) på tida 1.48,15. Resultatlista for søndagens lagkonkurranse finn du her.
Søndag var det meir regn og tåke, men likevel bra føreforhold for løparane. Men for løypemannskapet var det nok surt, da det var både meir regn og vind i høgda. Arrangøren Todalen Idrettslag fikk imidlertid ros frå løparane på pallen for prikkfritt arrangement og fikk til og med applaus for heile opplegget.
Laurdagens konkurranse i randonee var med i uttakinga til EM i Frankrike i februar. Ola Hovdenak fortalte at forholda i Todalen er veldig lik EM-løypene, så det passa godt å kjøre uttaking i Todalen. Todalen Idrettslag fikk ros for profesjonelt arrangement, og har nok etablert seg som arrangør. Neste mål blir no å få World Cup-arrangement til Todalen og Kårvatn. Dalalia egnar seg veldig godt til randonee, da ein der har mange mulegheiter for å tilpasse løypa etter vêr og føreforhold.
Ledar i Todalen Idrettslag, Nils Ove Bruset, nytta også høvet til å takke både deltakarar og arrangørstab for innsatsen. Ein spesiell takk til portvakter og løypemannskap som var utplassert i fjellet. Det var nok ei utfording for dei når det blåste og regna som verst i føremiddagstimane søndag.
Eit assortert utvalg i bilde fra søndagens arrangement. Foto: Jon Olav Ørsal, med god hjelp av Ivar Bolme og Jon Bruset.
Les også kva andre skriver om arrangementet: Driva.no – Tidens Krav – og sjå video frå rennet: Bård Smestad – Kjetil Sogge