Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Starta sanitetsveka med ope møte om Etopiaprosjektet

Jon Olav Ørsal Måndag 22. september 2014

Todalen sanitetsforening starta årets sanitetsveke med ope infomøte om NKS sitt prosjekt for å hjelpe folket i Etiopia til å kome igang med stifting av sanitetsforeningar. Det er eit skrikande behov for å kome i gang med organisering av helsearbeid i Etiopia, men dei lyt starte frå grunnen med opplysningsarbeid og før dei kan bygge opp eit organisert apparat til hjelp i helsearbeidet.

Deltakere_7402

Det var fylkesleiar Elinor Bolme som innleia om arbeidet som Norske Kvinners Sanitetsforening har gjort i samband med prosjektplana, der dei mellom anna har kartlagt behovet og lagt ei slagplan for arbeidet. Ho avlørte eit enormt behov for hjelp, og denne hjelpa må altså starte med å lære opp folk til å bli i stand til å ta i mot hjelp. Ho fortalte at dei i mange høve kan bruke same malen som vart bruka her i landet, da NKS starta arbeidet med å gi folket her i landet bedtre tilhøve både med tanke på helse, hygiene og smittespreiing. Men i Etiopia er det enda mindre ressursar og det vil krevje ein enorm innsats å få dette til. Men ein plass må ein starte, og NKS er no komene i gang.

TheaBrevik_7391

Thea Brevik hadde ei gripande forteljing om tilhøva i Etiopia. Foto: Jon Olav Ørsal

Thea Brevik har i sjukepleiestudiet vore utvekslingsstudent i Etiopia ein periode, og var i Todalen for å orientere om dette opphaldet og erfaringane ho hadde gjort i  den perioden ho var der. med lysbilder og video viste ho korleis tilstanden var og kor stort behovet er for å betre tilhøva for dei 85 mill. innbyggjarane i landet. Eit av sjukehusa ho besøkte var sjukehus for 12 mill av befolkninga, og var på størrelse med Molde sjukehus. Det var heilt rørande når ho fortalte om tilhøva ved sjukehuset, og kor lite kunnskap og ressursar dei hadde for å kunne hjelpe pasientane som kom til sjukehuset. Det var ikkje skikkeleg organisert med tanke på handtering av smittsame sjukdomar og hadde problemer med å gi skikkeleg hjelp til pasientane som kom inn til sjukehuuset.

NKS vil no engasjere seg både sentralt og lokalt for å prøve å gi hjelp til å kome skikkeleg i gang med arbeidet for å betre tilhøva, og det kan gjerast gjennom fadderskap til foreningar i Etiopia og elles gjennom støtte som kan øremerkjast til bruk i dette arbeidet. Problemet har til no vore at hjelpa har vore gjort på vestleg måte, men det kjev alstså et ein satsar heilt frå grunnen for å byggje opp foreningar som kan arbeide lokalt i Etiopia og dermed få dette sett i eit system som fungerer.

kaffebordet2_7406

Ved kaffebordet, frå venstre Jorunn Ørsal, Synnøve Talgø, Sigrun Ørsal, Tordis Gjerdevik, Dordi Jorunn Halle, jenny Kvendset og Ingunn Kjølstad. Foto: Jon Olav Ørsal

Dei andre sanitetsforeningane i distriktet var også invitert til infomøtet i Todalen ungdomshus, og det var deltaking både frå Øvre Surnadal og frå Halsa på møtet. Sanitetskvinnene diska som vanleg opp med kaffe og denne gongen vart det servert bagetter som tilbehør.  Etter kaffepausen orienterte Elinor om temaet for årets sanitetsveke som er vold. Det blir sett fokus på alle typar vold, både i og utafor heimen, og både psykisk og fysisk vold av alle slag.

kaffebordet1_7403

Frå venstre Jorunn Ness, Jorunn Rindal, Margit Fugelsøy og Marit S. Søyset. Foto: Jon Olav Ørsal

kaffebord3_7408

Kom frå Halsa for å være med – fra venstre Magda Løvik, Martha Vike Sæther, Dortea Aarset, mait Halse og Kari Kvendset. foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 22. september 2014, 22:21