Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag starta ny sesong med tur til Haltbakken sist torsdag. 34 deltakarar var med på årets første stavgangtur i det fine vår vêret, der gradstokken nærma seg 20-talet. Frå Haltbakken fekk gjengen ein fantastisk flott utsikt innover mot Sula og Nordvik, flott innramma med Todalsfjella i bakgrunnen. Ved grillhuset til Magnar Gjeldnes vart det ein lang kaffepause, før returen gikk via Sjøtrøa og innover mot Åsbøhagen og til Rabblèet.
Neste tur, som går fredag 2. mai, blir det tur til Stangvika, med parkering ved fjøset til Inga og Bergsvein Brøske. Start kl. 13.00 som vanleg, melder Stavganggruppa!
Bilda i galleriet nedafor er frå turen til Haltbakkan sist torsdag. Alle foto: Vidar Sogge.