Presis kl 10 sette biltoget seg i bevegelse, etter at heile 58 kjørety hadde vore oppstilt i gata mellom Talgø-fabrikken og Halsbua klare til å ta den tradisjonelle runden oppover bygda til Gammelfabrikken og nedover igjen til Bordholmen. Dette har vore ein del av feiringa av nasjonaldagen – heilt sia 60-talet.
I gamle dagar var biltoget meir som et «skrommeltog» og det var berre nokre få bilar og traktorar som skulle lage mest muleg leven på turen rundt bygda. Men etter kvart har nok bilstandarden auka og toget har etter kvart tilpassa seg ein meir fredelag karakter, sjølv om mange av kjørtya let seg høre på turen rundt bygda. I år var det tilsaman 58 kjørty som deltok i biltoget – det er kanskje rekord?
På gammelfabrikken var det stopp og innlagt ein liten pause, og her var nok dagens første sjanse til å treffe naboen for å slå av ein prat. Brørne Alfred og Hallvard Kvendset frå Vanvikan var ikkje snauare enn at dei hadde med seg trekkspell og sørga for ein «trudelutt» der. Dei to var på besøk hos bestemor Bodil og var passasjerar i vømmølvogna til onkel Lars på turen rundt bygda.
Ta ein kikk på bildegalleriet så kanskje du «treffer» kjentfolk? Alle foto. Jon Olav Ørsal