Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Starta badelivet – kaldt men godt

Jon Olav Ørsal Torsdag 2. juli 2015

Skulefri og bading høyrer saman, men det har ikkje frista med bading så langt i år.  I dag nærma gradstokken seg 30 grader, og da vart det for fristande for 4 gutar på Halsabrua. Dei var uti fleire gong, men dei hutra og hakka tenner når dei kom oppatt, men fekk fort i seg varmen igjen.

Eivind, Ola, Kevin Anders og Frikk hadde vagla seg på gelendret for å få i seg varmen igjen.  Foto: Jon Olav Ørsal

Det er iallfall i det minste hakk i Hønhalsen. Foto: Jon Olav Ørsal

Det har vore sagt at det er ført når Hønhalsen er gått over at det er god badetemperatur og at ein kan starte badinga. Men det er iallfall hakk i Hønhalsen no, sjølv om det enno tek nokre dagar før den går over.

Det var Eivind, Ola, Frikk og Kevin Anders som i dag kjølte seg ned med eit hopp frå Halsabrua og dermed fikk litt avkjøling. Men det frista ikkje å hive seg med på denne øvinga!

Eivind_0200

Eivind hoppa først… Foto: Jon Olav Ørsal

Bading_Hopp_0208

… og Ola, Kevin Anders og Frikk hoppa etter. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 2. juli 2015, 21:57