Søndag kveld var det tid for å markere sesong slutt for medlemane i Start 4H. Dette skjedde i gymsalen på Todalen oppvekstsenter med tradisjonell haustfest, der medlemane hadde laga fine utstillingar for å vise fram oppgåva dei har jobbe med det siste året. I tillegg hadde dei laga ei lysbildekavalkade om aktivitetane dei har halde på emd det siste året, og har var det spesielt friluftsarrangementa som vart vist.
Og sjølvsagt vart det utdelt både merker og diplomar – Torill Sannes frå 4H i Møre og Romsdal gjorde «comeback» og sørga for at medlemane fikk både diplom, merker og sjølvsagt litt ros for arbeidet dei hadde lagt ned i oppgåvene. Ho oppfordra medlemene til å ta del i samlingane som fylkeslaget hadde, der det er høve til å delta på forskljellige kurs og like ens til å delta på fylkesleiren som til sumaren skal arrangerast på Gjermundnes. Sjølvsagt var det også traktering med kaffe, saft og kaker og arrangementet vart runda av med lotteri og tilhørande trekning.
Start 4H har no 9 aktive medlemar – dei er på ein måte nede i ein bølgedal. Dette er ikkje uvanleg sa Torill Sannes, og ho rekna med at medlemstal og aktivitet etter kvart er tilbake på gamle høgder.
medlemane hadde laga mange flotte utstillingar om oppgåvene dei har jobba med det siste året. Alle foto. Driva/Jon Olav Ørsal