Start 4H er ein triveleg gjeng ungdommar mellom 10-17 år. Klubben har eige klubbrom i Skulstuå og i tillegg til klubbmøter der, møtes dei til forskjellige aktivitetar rundt om i lokalmiljøet, slik som sist søndag, da medlemmene tok ein fisketur på Todalsfjorden.
Medlemmane stilte opp på båthavna med fiskestenger, redningsvestar og godt mot.
Trass iherdig innsats vart det lite med fangst (3 knurrar), men det la ikkje nokon dempar på stemninga.
Ettermiddagen vart avslutta med cookies, saft og bålkaffe, og da var mangel på fangst heilt gløymt. Mykje spennande å oppleve for store og små ved den fantastiske elvaosen til Toåa og på fjorden!
Start 4H takkar alle som velvillig stilte med båtar, det sett dei pris på!
Takk til Ragna og Line Kvendset for informasjon om fisketuren og Laila K. Bergli, Finn Ranes og Ragna Kvendset for bileta!