Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Start 4H – med digital haustfest

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 3. november 2020

Laurdag 7.november skulle det ha vore haustfest i Start 4H. På grunn av Koronasituasjonen og at det etter alt å dømme kjem nye smitteverntiltak denne veka, har styret i klubben vedteke å avlyse haustfesta i år. I staden vil kvart medlem få presentert prosjektet sitt digitalt på Todalen.no. 

Medlemmene skal gjere ferdig oppgåvene sine og levere bøkene på neste klubbmøte, som blir den 17.november. Dette for at oppgåvene skal bli vurdert på vanleg måte. I staden for utstilling blir det i år slik at medlemmene skal sende inn eit bilde av oppgåva si med ein kort rapport om oppgåva og kva dei har arbeidd med. Dette skal sendast på mail til Line Kvendset, og medlemmene har fått frist fram til søndag kveld med å gjere dette. Rapporten og bildet blir med i den totale vurderinga av medlemmene sine oppgåver. 

Todalen.no vil tysdag ettermiddag presentere rapporten med bilete for alle aspirantane i klubben. 

Onsdag ettermiddag gjer vi det same med junior- og seniorane i klubben. 

Vurderinga av oppgåvene vil bli gjennomført som vanleg, og medlemmene vil få sine utmerkingar på klubbmøtet 17.november. 

Start 4H er lei seg for at det ikkje er mogleg å gjennomføre haustfesta i år, men smittevern må prioriterast høgst seier styret i vedtaket sitt. 

Så da kjem vi på todalen.no attende tysdag og onsdag neste veke med presentasjon av medlemane sine oppgåver!

 

 

Publisert: 3. november 2020, 20:08