I går kveld var det årsmøte i Start 4H i skulstuå. Før årsmøtet fekk dei fire nye medlemmene ei omvisning i klubblokala av klubbrådgjevar Ragna Kvendset. Dei fekk og ei kort orientering om kva det inneber å vere med i 4H og kva for prosjektoppgåver dei kan velje mellom.
Årsmøtet hadde vanlege årsmøtesaker på dagsordenen. Siste punkt på dagsordenen var val. Her er det nye styret i Start 4H:
- Leiar: Johan Ranes
- Nestleiar: Ingebrigt K. Bergli
- Sekretær: Maria K. Bergli
- Kasserar: Van Adrian Ansnes
- Styremedlem: Nora Kårvatn.
- Styremedlem: Ylva Synnøve Gjeldnes
Etter at det formelle årsmøtet var over, vart det diskutert kva fellesaktivitetar medlemmene ønskte å arrangere i 2021. Det vart bestemt å at det skal arrangerast to overnattingsturar, LAN og haustfest. Alle aktivitetar skal foregå i tråd med gjeldande smittevernreglar, så datoar for dei forskjellege aktivitetane er førebels ikkje fastsett.
Til slutt vart det servert kakao og «Myrmo spesial». Alt saman i tråd med smittevernreglane.