Laurdag ettermiddag markerte Start 4H at det var sesongslutt og tid for mønstring til haustfest. Start 4H hadde i år rigga til haustfest i Skulstuå (Gammelskulen), og det hadde dei gjort for å få vise fram det nye klubbrommet som dei har jobba med det siste året. Heile gjengen har nemleg klubbrommet som 4H-oppgåve og det skal dei fortsett med neste år også – til dei er ferdig.
Her hadde dei også utstilling av dei øvrige prosjektoppgåvene – Kristian har jobba med prosjektoppgåve for interiørutstilling og Bror har vore aktiv med gitaren og hatt gitarspelling som oppgåve. – Og Bror var generøs nok til å kjøre ein liten demo for oss, og det gjorde han også for bestefar Gutte som sjølvsagt tok turen innom for å sjå kva barnebarna heldt på med.
Elles var det både Quizkonkurranse og natursti for den som ville. Dei har også vore aktive med kamera når dei har jobba og hatt utflukter. Bildeglimt frå aktivitetane gjennom sesongen viste dei på storskjerm i form av ein presentasjon som stod og gikk. Og sjølvsagt var det traktering til både store og små – og tilhørande loddsal med massevis av gevinstar for den som hadde vinnarlukke.
Bildeglimt frå haustfesta i Start 4H i Skulstuå – alle foto: Jon Olav Ørsal