Start 4H feira søndag kveld sesongslutten med haustfest i Todalen oppvekstsenter. Haustfesta er tid for oppsummering og for vise fram kva medlemane har jobba med det siste året, og publikum var søsken, foreldre, besteforeldre og mange andre interesserte som kom for å sjå og høre.
Det var Sindre Bruset og Bror Sæther som ønska publikum velkomne til haustfesta, og dei tok oss etterpå med på ein visuell kavalkade over aktivitetane i klubben gjennom året. Dei viste lysbilde og fortalte om utflukt til kraftstasjonen til Statkraft i øvre Surnadal, tur til gammelvegen i Svinvika, deltaking på Todalsdagen og mykje meir. Dagleg leiar for 4H Møre og Romsdal, May Britt Skjortnes, skrytte av oppgåvene og utstillingane som var medlemane hadde stilt ut.
Det var i år 7 medlemar som hadde jobba med prosjektoppgåve, og i tur og orden fekk dei sine diplom og merke for vel utført oppgåve. Elles kunne arrangøren by på både Quiz-konkurranse, traktering og lotteri med mange gevinstar. På tampen av kvelden viste Erik Kårvatn og Sindre Bruset videoen dei hadde laga som prosjektoppgåve – ei fornøyelig historie som dei hadde kalla ”Norge i gjennom”
Skjortnes fortalte at 4H har ein liten nedgang i medlemstalet på landsbasis, men i Møre og Romsdal er medlemstalet stabilt på rundt 750. Medlemstalet i Start 4H er også nede i ein liten bølgjedal no, men det kan fort snu seg til det positive igjen. – Ho fortalte vidare at 4H Møre og Romsdal no er inne i ein omorganiseringsprosess, der eit meir omfattande samarbeid med 4H Sogn og Fjordane ligg i korta. Men ho var bekymra for dei reduserte overføringane i samband med statsbudsjettet, som kanskje kan føre til at 4H Møre og Romsdal mistar si einaste heiltidsstilling.Bildegalleri frå haustfesta i Start 4H – alle foto: Jon Olav Ørsal