Leiaren i Start 4H, Marte Talgø fekk i dag ein uventa epost frå 4H Norge. Start 4H hadde vorte vinnar av vervekampanjen i 2010. Start hadde i fjor heile 12 nyinnmeldte medlemar. Altså best i heile Møre og Romsdal. Talet vart såpass høgt sidan klubben rakk å registrere flesteparten av dei nye aspirantane før 15. desember. Landsvinnaren vart Frosta 4H frå Nord Trøndelag.
Premien som fylkesvinner er gratis deltakelse på fylkesleir og eventuelt aspirantleir, dersom aspirantne ikkje får være med på fylkesleir. Dersom fylket ikkje har fylkesleir, kan dei isteden få gratis deltakelse på storkurs eller lignande. Todalen.no gratulerer!
Til orientering: Akedagen er framflytta ein time grunna familiegudstenesta.