Det er travle tider på Todalshytta den siste tida før hytta skal opne for sesongen. Det er Arve Evensen som saman med sonen Stian skal drive Todalshytta dei neste 5 åra. Stian er oppteken med å få unna dei siste eksamenane, medan faren Arve er altmulegmann og jobbar frå tidleg morgon til sine kveld med å få ting på plass til opninga som skal gå føre seg i pinsa.
Arve er i innspurten på arbeidet med å lagge ny terrasse under svalghangen rundt hytta. Da vi stakk innom var det både saging, skruing og tilpassing. Sjølvsagt er det mykje oppretting for å legge 2-300 dekke, det er det over hundre år gammel betong som underlag. Men no er snart jobben gjort slik at svalgangen kkan takast i bruk i gjen.
Arve fortel at det skal bli litt oppgradering på kjøkkenet og – mellom anna skal ny komfyr på plass. Nytt avtrekk frå kjøkkenet skal det også bli etter kvart. No stundar Arve og Stian på å kome i gang – for å kunne ta i mot dei første gjestane….