Onsdag 14.juli legg Surnadal valstyre ut manntalet til stortings- og sametingsvalet 2021, til allment ettersyn. Manntalet vil bli lagt ut på Surnadal kommunehus og på Surnadal kulturhus – biblioteket i 2.etasje, og vil vere tilgjengeleg til og med valdagen, måndag den 13.september.
For å kunne stemme ved haustens stortings- og sametingsval må du stå i manntalet. Manntalet blir difor lagt ut til allment ettersyn, slik at du kan sjekke om namnet ditt står der.
Dersom namnet ditt ikkje står i manntalet eller om det er andre feil, kan du sende skriftleg klage til:
Surnadal valstyre,
Bårdshaugvegen 1
6650 Surnadal.
Klagen må vere grunngjeven.
Du finn meir informasjon på kommunen sine nettsider under menyen «val 2021».