Stangvikfestivalen blir arrangert annakvart år, og blir i år arrangert frå onsdag 27. – søndag 31. juli. Torsdag 28. juli frå klokka 18:00 inviterer Stangvikfestivalen til Operapub i Todalen ungdomshus, der publikum får møte nokre av Europas fremste talent innan opera. Her kan nordmørspublikummet få oppleve noko dei elles må til dei største byane for å få oppleve!
Saman med festivalen sine eigne namn, Hedda Hansen Berg (piano) og Sigrid Vetleseter Bøe (sopran), har dei sett saman 3 sett med operahits, som du altså kan få oppleve i Todalen ungdomshus torsdag 28. juli.
Artistar:
- Anna Malesza-Kutny – sopran (Polen)
- Sigrid Vetleseter Bøe – sopran (Norge)
- Rebecca Fjällsby – mezzosopran (Sverige)
- Linard Vrielink – tenor (Nederland)
- Jaka Mihelac – baryton (Slovenia)
- Adam Kutny – baryton (Polen)
- Erik Rosenius – bass (Sverige)
- Hedda Hansen Berg – piano (Norge)
Dørene opnar klokka 18:00, medan det musikalske «fyrverkeriet» tek til klokka 19:00.
Det blir sal av øl, vin og snacks.
Kjøp billettar til Stangvikfestivalen 2022
Følg Stangvikfestivalen på Facebook
Stangvikfestivalen ønsker alle velkommen til operapub i Todalen ungdomshus 28. juli!